Mperiet - Mads Eriksen Wiki
Advertisement

BREAKING: For første gong sidan 2014 kjem det nye M-striper. Mads Eriksen slår tilbake i det nyaste eksemplaret av Pondus. Les meir på Serienett.no Stripene er byrja arkivert som Kategori:Dark Mads Returns

Mads


Mperiet er ein fanwiki for teikneseria M av Mads Eriksen – skapt i perioden 2002-2021.

For augneblinken er det 461 sider i Mperiet, hovudsakleg stripeartiklar. Gratulerer til oss!

Sånn til å byrje med kan du til dømes gå til ei tilfeldig stripe, eller sjekke ut nokre spesifikke historielinjer, eventuelt bruke søkefeltet, eller sjekke kategorioversikten for å finne spesifikke striper om spesifikke tema eller personar.

Eventuelt byrje med den første stripa som vart arkivert.

Kjøp teikneseriene på Finn.no, eller lån dei på biblioteket.

Striper frå ulike år
-2003 2004 2005 2006 2007 2008-

Eit lite utvalg eksempelkategoriar
Star Wars Ninjaskole Trafikklys med sjel Fylla Striper uten Mads Kaffe


Men... kvifor?

Grunnen er at internett har for lite M, spesielt etter at sida og forumet vart nedlagd etter bladet vart vekke i 2012.

Dette er ikkje ein stad der du finn scanna versjoner av stripene – målet er ein søkbar database over informasjonen i M, i von om at sjølve stripa igjen får ei framtid på internett. Wikien er driven av Andreas Hadsel Opsvik, i jamn og trutt fart.

Eller for å seie det med Twitter-brukar @superstaale sine ord:

Faksimile superstaale

Mperiet er bygd på restane av fanwikien Mpedia – som var aktiv fram til rundt 2008. Grunna oppbygginga rundt nettversjonen av teikneseria, som no er vekke frå internett, er den vanskeleg å halde vedlike.

Gi lyd her, eller på Twitter, om det skulle vere interesse for å bidra, eller om du har spørsmål om wikien.

Bidra til Mperiet?

Vil du bli ein Mpiriker? Om du skal legge inn ei stripe, pass på at den ikkje allereie er lagt inn i arkivet, ved å søke etter nøkkelord i stripa.

Advertisement